Diverse arrangement i fotballgruppa

I tida framover er det klart for diverse arrangement i samband med rosendlsfotballen. Rosendal står som arrangør for kretsen sin fotballskule for Kvinnherad som skal trena på kunstgrasbanen 5. 8. 12.15. og 19. mars. Kvar klubb tek ut sine splarar, deretter vert dei beste tekne ut for å danne eit sonelag for Sunnhordland.


Helga 9. – 10. mars vert det stor sonesamling for splarar fødd 98/99, både jenter og gutar. Dei kjem laurdag morgon og overnattar til sundag. 

Torsdag 21. mars vert det stor samling om barnefotball. Hordaland Fotballkrets står som arrangør. Dette er for trenarar, lagleiarar og føresette, for fotballspelarar frå 6 år til og med 12 år. Dette vert det informert om når vi nærmar oss.

Trulig vert det òg kretsmøte for laga 13 år til og med seniorlaga. 
Det viktig at folk møter opp, og får med seg viktig info.