Diverse informasjon frå fotballgruppa
Tysdag 18. mars kl.19.00, vert det møte for trenarar og lagleiarar som har planar om å reise på Norway Cup. Eigne foreldremøte angåande NC organiserar laga sjølve.
Helge Furdal gjer ein kjempeinnsats med bygda si storstove, samfunnshuset, men han treng hjelp 2-3 timar til snikring og maling inne og ute. Er det nokon som kan hjelpa til litt hadde det vore supert, ta kontakt med Helge Furdal på telf 995 12 585.
Til alle som ikkje har registrert seg på grasrotandelen, hiv dåke rundt og gjer det. Då er dåke med og støttar den lokale idretten uten at dåke betalar noko, det er det norsk tipping som gjer.
Turnlaget sitt org.nr. er 983 771 654.
Toaletta ved kiosken er opna att etter vinteren.