Draumesal i Samfunnshuset

Det er meldt om eit enormt godt møbelsal i Samfunnshuset idag og igår. Heile fem lastebillass med møblar er seld.


Mange av møblane gjekk for under halv pris og vel så det. Kundane var nøgde med både pris og kvalitet.

For dei som ikkje fekk det dei var ute etter denne helga kan vi anbefale dei og kome att neste laurdag og sundag. Då kjem det nye møblar frå Øystese. Vi håpar alle som er interessert tek turen då.

Dersom det er møblar att på sundagen, vert desse selt på auksjon til høgstbydande der og då. Med andre ord er det ingenting som skal i retur til Øystese etterpå. Så her er det mange sjansar for gode møbelkupp!