Dugnad i Ullvaren
Fotballstyret ynskjer hjelp til dugnadsprosjektet i Ullvarenfabrikken. Fase 2 har starta og vi treng mukje hjelp for å kome i hamn. Underteikna veit at vi alle har mange oppgåver både på jobb, heime og for Rosendal Turnlag. Men utan hjelp frå Dykk der ute klarar vi ikkje gjennomføre prosjektet. Nokre lag har brukt dugnadspenger frå fase 1 på Norway cup eller andre sosiale aktivitetar. No kan alle opparbeide ein god sum igjen.
Kan de som trenarar og lagleiarar snakka med, eller bruke Dykkar facebookgruppe og etterlyse hjelp fra foreldre/føresette? Foreldre/føresette kan ta kontakt med underteikna om noko er uklart. Det er fullt mogleg å arbeide med dugnaden på dagtid om du er ledig då. Raymond er på Ullvarefabrikken klokka 08:00 for hjelpe folk igang.
Håper dere klarer å mobilisere foreldre/føresette til å jobbe dugnad. Vi har dugnadforsikring på plass, og kveldsmat for den som jobbar nokre timar etter 17.00. Ring underteikna på telefon 90743758 om du treng opplysningar.
Mvh.
Jan Jaap Boot
Styret i RT-Fotball