Duka for Vipps-kamp i Rosendal
Sjølv om dei ikkje gjekk til topps i TV 2-serien «Vippslaget», får Rosendal sine gutar no sjans til å reisa litt av kjerringa når Vipps-vinnarane frå Stridsklev IL kjem på treningsleir-besøk denne helga. Dei har blitt grilla av eit heiltent pressekorps, laga reklamefilm for laget sitt og framført si eigenproduserte fotball-låt. Og alt det er foreviga gjennom den TV 2-sendte miniserien «Vippslaget». Og sjølv om det ikkje gjekk heile vegen til topps for Rosendal sitt G16-lag, fekk dei seg vener for livet. For kjemien mellom Rosendal-gutane og trioen frå Stridsklev IL klikka frå fyrste stund, og det vart etter kvart eit venskap både TV 2 og trenarane la merke til.
– Før konkurransen var over inviterte vi dei til Rosendal på treningsleir. Noko dei sjølvsagt ville, og når dei i tillegg gjekk til topps og fekk dekka Norway cup, hadde dei pengar til rådigheit og bestilte buss nokre dagar etterpå, seier Romar Skeie Olsen.
Og når vinnarlaget skulle til Rosendal, ville sjølvsagt TV 2 vera med. Så med TV-kamera på slep skal gutane frå Rosendal vera vertskap, treningskameratar og rivalar for raudtrøyene frå Porsgrunn frå fredag kveld til søndag ettermiddag. Det blir fleire treningsøkter, sosialt samvær og Champions League-finale på storskjerm. Så blir helga avslutta med ein storslagen treningskamp på søndag.
– Då håpar vi kvinnheringane vil møta opp i hopetal og laga ei flott ramme rundt kampen som blir filma til TV-serien, seier Olsen.
Tekst av:
Marius Tveit Nissestad
marius@grenda.no
www.grenda.no
PS! Kampen går på sundag 4. juni klokka 14:00 på Rosendal Stadion, vi håpar så mange som mogleg nyttar høvet til å ta turen. Kanskje du kjem på TV2 🙂