Ei helsing til ein tøff gut

Emil, ein tapper og flott liten gut, her avbilda med Rosendal genser og ny fotball. (Foto: Pappa, Anders Næs)
Dei fleste har nok lest om den to år gamle Emil (son til Anders Næs), som vart ramma av kreft og no ligg på Haukeland Sjukehus. Både han og familien treng all den støtte dei kan få og vi i Rosendal T.L. Fotball vil støtte dei så godt vi kan. Klubben har overrekt ei lita helsing til Emil, ein Rosendal Turnlag – gensar med namn og ein fotball med signatur frå personar i Rosendalfotballen.
Emil er ein tøff liten gut som vi vonar snart vert frisk. Vi ynskjer han mykje god betring.
Rosendal T.L. Fotball
v/Arvid Nes