Ein god kamp mot eit godt oddalag

13-års gutane var forrige torsdag til Odda for å møta Odda 1. Vi visste dette ville verte ein tøff kamp sidan Odda har vist seg å ha to jamne og gode lag i serien i år. Gutane ynskja å ta tre poeng heim denne dagen, sidan dei gjekk på eit knepent 4-3 tap borte mot Trio3 i forrige kamp. 

Poeng skulle det bli iallefall. Gutane starta kampen godt, spela ballen langs bakken og kom rundt på kantane. Vi kom på nokre sjansar mot eit tett oddaforsvar, men klarte ikkje lura målvakta.

Odda har ein rask og god spiss som vi etterkvart kjenner til og midtstoppar, Torbjørn, fekk beskjed om å ta hand om han. Dette klarte han fint, tok ut dybde i rett tid når det var naudsynt, og gjekk fyrst på ballen når det var mogleg. I tillegg har vi ein formidabel siste skanse i målvakta Ola, han fungerer på ein måte som sweeper i tillegg til å stå i mål. Sander og Lars gjorde jobben sin på kantane i forsvaret. Lars takla kontant når høgresida vår vart pressa, Sander bryt ofte ballbanen og tek ballen med seg framover.

Midtbanen fungerte og godt. Harald hadde nokre gode gjennombruddspassningar til Marcus som skapet sjansar. Torstein jobbar iherdig sentralt i banen, slår gode passningar og hadde ein volley på mål, men oddamålvakta fekk ei hand på ballen. Tord er propellen, med god teknikk er han høgt og lågt på banen til ei kvar tid. Jonatan på høgre kant spelar seg fri fleire gonger og får lagt inn framfor mål, har god ballkontroll og godt driv. Marcus på topp er ikkje god å stoppa, han har fart og driv, får med seg ballen så og seia kvar gong, men fekk ikkje nettkjenning i denne kampen.

Ute i kampen kom Jaran og Sebastian inn. Jaran er ein ballteknikkar som er god å halde på ballen i situasjonar der vi må få laget høgare opp. Sebastian gjekk inn på topp, han har fart og trua bakrommet til Odda fleire gonger. Øystein kom inn på høgre kant i forsvaret, Øystein har ein god passningsfot og gjer ein flott jobb når vi spelar oss ut frå bakerste ledd.

Kampen endar med 0-0. Alt i alt var dette ein veldig god kamp som vi kunne ha vunne om vi hadde vore litt kaldare framfor mål.

Neste kamp er torsdag 18.09 klokka 18:15 mot Øystese 2. Med full fokus og godt spel så vert dette ein god kamp.

Desse var med:

Ola, Torbjørn, Sander, Lars, Harald, Torstein, Tord, Jonatan, Marcus, Sebastian, Øystein og Jaran.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

8 + 12 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.