Ein herleg gjeng
Flott jenter !!!! Alle gjorde ein strålande jobb på banen i dag. Ingen andre enn spelarane og innbyttarane veit korleis presset har vore på oss dei siste to vekene. Då vi med eit redusert lag spelte uavgjort 1-1 mot Nymark på bortebane, fekk jentene til å bestemma seg for å vinna resten av kampane. Når Varegg/Sandviken i tillegg «snubla» dei siste kampane, var det berre Odda og Rosendal som stod att som mogelege vinnarar av serien. Til tross for skader og litt slitne damer, har alle saman vore flinke og stått fram som EIT LAG saman. Det har vore ein tøff haust med fire bortekampar etter kvarandre før siste kampen i dag. No får vi berre håpa at det held heilt inn…(vert avgjort imorgon når Nyrmark og Odda møtest i Bergen).
Ein ting er å vera enige om strategi og taktiske valg, ein annan ting er å få dette til på banen saman. Vi famla og stod fram både nervøse og småredde for å få «ein imot oss» i dag. Eg var fullstendig klar over at me ville få ein tøffare kamp i dag enn det me håpa på. Alle visste kva som stod på spel, men igjen viser jentene og stå ut heile kampen.
Ingen var i tvil om at vi måtte få opp større aggresivitet og koma oss framover på banen etter pausen. Det gjekk ca. 10 minutt så la eg merke til at «gnisten» kom hos nokre av spelararane og dette smitta over på alle. Då første målet kom, var eg sikker på at jentene kom til å scora fleire mål. At det var Hildegunn Guddal som scora første målet, var både rettferdig og bra. Det fekk iallefall alle til å forstå at «dette klarer vi».
2-0 scoringa kom etter eit flott innlegg som Tonje Skåla stussa mot målet og ei måltørst Andrea Albrethson nærast spring ballen i mål på bakerste stolpe. Etter to mål både høyrer og ser eg at jentene fekk trua tilbake der vi ynskjer.Fana vart og meir og meir trøtte. Hanne Larsen og Lena Medhaug ville inn på banen å scora, og for meg var det ikkje overraskande at nettopp dei putta dei siste måla. Dei to siste måla var og etter at vi vinn duellar innanfor 16 meteren.
Det bvert nokre spanande timar før serien er endeleg avslutta imorgon. Nokre vil nok undra seg over kvifor ikkje alle laga spelte siste serierunden samstundes. Vi fekk tilbod denne veka frå fotballkretsen om å flytta kampen til seinare i haust. Vi ville spela kampen i dag (slik den var terminfesta), av den enkle grunn at vi var mentalt forberedt og stilte med ein brei stall.
Dersom det vert kvalik på oss, skal me «bita» godt ifrå oss der og. Som lag har jentene vist seg fram som eit fysisk sterkt lag som kan vera med i ein divisjon høgare. Vi har nokre skadar og spelarar som er borte av andre grunnar, men som absolutt vil verta viktige framover og som har vore med å få laget dit vi er i dag.
Eg vil med dette gratulera jentene med ein strålande sesong så langt og så tek me konklusjonen om eit par dagar.
Stig D.
Trenar