Eit godt smågutelag

Rosendal/Uskedal gut 99 har gjort ein utruleg god prestasjon i vårsesongen. Dei har delteke på tre cupar, Trio Cup, Odda Cup og Eidfjordcup. Dei har vunne alle cupane etter flott innsats. Og ikkje nok med det, serien i 2.div. vann dei suverent og rykkjer frå hausten opp i 1.div., der dei kjem til å møte bergenslag.


Det kan òg nemnast at uttaket frå Kvinnherad til kretssamlingen vart tre spelarar plukka ut. Alle var frå dette laget, noko som lovar godt for framtida.

Laget består av: Mathis Guddal, Kristoffer Eskeland, Erlend Seglem, Kristian Enes, Olav Lernes, Torgeir Bøyum, Espen Mikal Alfarnes, Ørjan Øvstebø, Deimantas Reimat, Emil B. Berntsen, Sondre Myklebust, Martin Yri Røssland, Mats Olsen, Karsten Andre Haugland, Ian Bjørke.

Arvid Nes