Endeleg er garderobane ferdige
Endelig er garderobane i Rosendal Samfunnshus ferdig oppussa, og kan takast i bruk. Dei har fått eit flott løft, nye dusjar og nye løysningar. Garderobane ser veldig bra ut, og det var på høg tid det vart gjort noko sidan dei gamle var nedslitte etter 28 års bruk. Det manglar enno benkar, men dei kjem på plass i veke 44.
Det er viktig at alle grupper tar omsyn ved bruken av garderobane, samt at alle ryddar etter seg. Kommunen stenger ute grupper og lag som ikkje ryddar, eller viser omsyn.
Gymsalen har òg blitt forbetra, med ny ventilasjonasvifte m.m. samt skifte av alle lysrøyr. Skifte av tak vert truleg gjort i 2011. Det vil og verte installert låssystem i ytterdør. Informasjon om dette kjem seinare.