Endeleg siger for Rosendal-Uskedal
I flott haustver var det duka for ein viktig heimekamp i Rosendal. Heimelaget satsa offensivt med ein 3-5-2 formasjon, og allereie etter eit halvt minutt var dei farleg frampå med eit skot som gjekk like utanfor. Laga delte jamnt på å ha ballen i dei fyrste minutta. Gneist kom etter sju minutt aleine med målvakt Frank Mehl, men Frank rykte ut og redda skotet meistarleg. Like etter, i det 12. minutt, var det klart for frispark for Gneist frå 20. meters hald, skotet var hardt, men muren tok i mot.
Etter dette bølga kampen att og fram med nokre småsjansar til kvart av laga. I det 35. minutt kjem eit godt innlegg frå høgre sida til heimelaget, Lars Johan Myklebust raga høgast og knalla ballen med hovudet mot må. Gneistmålvakta får såvidt slege ballen i tverrleggjaren, ballen landar innafor femmeteren der Kristian Rød er nær ved å få kontroll, men misser i med timinga og Gneist får klarert. Så kjem endeleg målet. Lars Johan vart spelt gjennom like utanfor 16. meteren, tek ballen med seg eitpar meter og klinkar ballen i nota like ved stolperota. Eit fortent mål etter til tider godt spel. Like før dommaren blåste av til pause var Gneist farleg frampå igjen, men ein god Frank Mehl stoppa skotet igjen. Stillinga til pause enda 1-0 til heimelaget.
Heimelaget opna friskt i andre omgong, i det femtiande minutt vart ein lang ball slege opp mot raske Kjartan Thoresen. Han kjempar seg fri frå forsvararen og har fri bane mot mål. Gneist målvakta er vaken ute og klarer skotet, men gjev retur. Kjartan er etter den og, men målvakta hindrar atter eingon skotet og får kontroll.
Dei neste 15 minuttane er det bortelaget som har ballen mest og skapar nokre småsjansar, men ein fortsatt gog Frank Mehl held stand og gjer det vanskeleg for Gneist spissane. Heimelaget er heldige i denne perioden, men i det syttiande minutt er dei frampå att. Kjartan slår hardt inn frå dølina, Kristoffer Rød står innafor 16. meteren, men vert pressa til å leggja skotet høgt tilside for mål. Like etter er Kjartan igjen fri med målvakta, skyt knallhardt i duell med målvakta. Ballen går ut medan Kjartan vert liggjande med skade.
Så kjem utlikninga som låg i lufta. Ein Gneistspelar får stjernetreff frå vel tjue meters hald og klinkar ballen i krysset. No såg det mørkt ut for ein etterlengta siger, men i det 87. minutt kjem Lars Johan seg fri på høgrekanten. Han legg ut til ein hardt arbeidande Yngve Enes, han let seg ikkje be to gonger og plasserar ballen til høgre for ein,tafatt målvakt som må sjå ballen trilla i nota. No var det heimelaget som fekk blod på tann og skapte eitpar store sjansar på overtid. Kampen enda 2-1 til eit heimelag som til tider spelte bra fotball.
Trenar Jan Evald Såtendal var nøgd med kampen, men tykte dei lot Gneist få koma for lett til i første halvdel av andre omgang. Då låg vi litt for mykje bakpå, men eg er strålande nøgd med siger, dette trengte vi, seire Jan Evald.
Lag:
Frank Mehl, Jan Evald Såtendal, Jørgen Moberg, Anders Nilsen, Trond Eirik Feet, Håvard Sætrevik, Tommy Eidsvik, Lars Johan Myklebust, Yngve Enes, Kristoffer Rød og Kjartan Thoresen. Innbyttarar som spelte: Tommy Hivand, Stig Are Helle, Tom Enes, Sindre Iversen.
Gule kort: Jan Evald Såtendal, Yngve Enes og Kjartan Thoresen. Eit gult til Gneist.