Endeleg to etterlengta sigrar

Smågut -97 vann i helga 8-3 borte mot Søre Neset. Sist helg vann dei 5-2 borte mot Smørås. Dette er to etterlengta sigrar, for eit lag som har slitt litt denne sesongen. Med litt byting av plassar for spelarane på banen, så blei det plutseleg eit vinnarlag. Gutane storspelte i desse to kampane, og dei står alltid på, sjølv om det har vore stang ut i dei fleste kampane.