Endring i kampoppsett for klassen J2006/07, G2007 og Mix2007

I klassen der gutar 07, jenter 06/07 og mix 07 er samla, kjem no eit nytt kampoppsett, som me ber dykk distribuera rundt til dei hos dykk som dette vedkjem. I denne klassen er det 3 mix-lag, 3 jentelag og 2 gutelag. I det første oppsettet var det berre sett opp 1 rein jentekamp, 1 rein mix-kamp og ingen reine gutekampar. Som ein konsekvens av tilbakemeldingar på dette er nytt oppsett laga, der alle jentelaga får to jentekampar kvar og Rosendal gutar 07 får møta Ternen gutar 07.


Ulempa med det nye oppsettet er at dei fleste laga må ein spela to kampar etter kvarandre ein eller annan gong i cupen.

NB! Me har brukt dei same banane (5 og 6) og det same tidsrommet som i første oppsettet.

» Her er kampoppsettet for desse klassane