Endringar i styret i Rosendal Turnlag

Styrevald økonomiansvarleg i Rosendal Turnlag, Per Inge Olsen, har no gått ut av styret til laget. Årsaka er at han har flytta til Meland kommune, der han er økonomisjef.

På bakgrunn av flytting og stort arbeidspress i den nye jobben, føler han at han ikkje har hatt tid å følgja opp arbeidsoppgavene sine i styret på ein skikkeleg måte. I brevet til styret peikar han på at arbeidssituasjonen truleg vil bli slik ei god stund framover.

Med dette som bakgrunn har han difor søkt om å tre ut av styret, noko hovudstyret i Rosendal Turnlag har innvilga.

Vi ynskjer å takka Per Inge Olsen for jobben han gjort for Rosendal Turnlag over mange år, og vi ynskjer han hell og lykke i den nye jobben!

For styret i Rosendal Turnlag
Jostein Hatteberg (leiar)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

two × two =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.