Etterlengta seier
Etter å ha vore uheldig i forrige bortekamp som enda med tap for Rubbestadnes lykkes endelig jenter 13/14 i kamp og slo Bømlo 7er 3-1 borte. Dette var første heimetapet til Bømlo i år.
Bortekamp mot Bømlo medføre ei lang og kronglete reise. Smale og svingete vegar er ikkje beste oppladinga til kamp, og kanskje det var derfor Bømlo var ubeseira på heimebane før kveldens kamp. Sjølv om nokon av oss vart kvalme bestemte vi oss for at dette ikkje skulle få innverknad på innsatsen.
Dette var første 7er kampen vår for sesongen og ein god sjanse til å teste ut laget som skal til Norway Cup. Vi valgte å reise kun 10 spelare til denne kampen, med tanke på at vi har kamp allerede i morgon mot Fitjar.
Etter ein litt treg start tok vi over meir og meir av spelet, og hadde etter kvart god kontroll utan at vi kom til dei heilt store sjansane. Det var tydleg at målet var mindre enn vi er vane med, då dei fleste skudd gjekk til sides eller over. Etter kvart fekk vi uttelling og pauseresultatet vart 1-0 etter ei heldig scoring. Eit skudd av Julie endra retning i ein motstander og i mål.
Sjølv om vi i pausen var enige om å halde konsentrasjonen oppe var det Bømlo som starta best i andre omgang og var farleg frampå nokre gonger, med anna med eit skot i tverrligger. Etterkvart overtok vi igjen og det var ikkje noko å sei på at vi gjekk opp i 2-0 og tilslutt 3-1. Begge måla signert Julie.
Alt i alt ein velfortent seier, og endeleg så holdt det heilt inn. Dette lovar godt for Norway Cup. Det skal bli spennande å sjå utviklinga fram til dess.
Frode.