Eventyret om G13 på Norway cup

Det var ein gong for ikkje så lenge sidan, at ein kanongjeng på 16 stk. spelara: Olav Lernes, Espen Mikal Alfarnes, Erlend Seglem, Karsten Haugland, Mats Olsen, Kristoffer Eskeland, Torgeir Bøyum, Mathias Øye Guddal, Kristian Enes, Emil Bakke Berntsen, Sondre Myklebust, Martin Yri, Ørjan Øvstebø, Deimantas Reimant, Sigbjørn Dahle (00-mod.) og Oscar Jegteberg (00-mod.)) og 3 stk. voksne: Kjell Enes (føresatt/lagleder), Ragnvald Myklebust (føresatt/lagleder) og Yngve A. Guddal (føresatt/lagleder og trenar), satte seg i bussen for å delta på verdens største fotballturnering.


Etter eit år med voldsomt god utvikling, mange gode prestasjoner og sterke resultater, reiste vi avgårde med fokus på best mulig sportslig resultat (les: få ut det beste av laget i kvar enkelt kamp). Heldigvis er det slik at for å få til det er det og viktig at gutane sprudlar utenfor banen også. Med jentelaga med oss må vi vel kunne sei at det til tider sprudla litt vel mykje. Men dei viste i alle fall virkelig offansive takter, med både taktikk og teknikk, også utenfor banen.

I tillegg til det sportslige har dei altså hatt mykje sosialt og kjekt i lag, både på Tysenfryd, på Ullevål stadion (V.enga-Brann), på Ekebergsletta og rundt på skuleområdet der vi budde sammen med dei andre laga frå Rosendal. Tysdag kvelden feira vi puljeseieren med pizza, med midlane frå dugnaden etter føresatte sin innsats hos Schat Harding. Då hadde vi også invitert både Arviden og Atle som fekk ein gave (t-skjorte med spelarane sine navn på) for innsatsen hans frå tildligare og hjelp med busskjøring m.m..

Puljespelet:
Med eit Lyn-lag som motstandar i 1.kamp var det godt å ha med oss ein god dose sjøltillit etter at vi som kjent no er klare for å spela i 1.div. mot dei beste laga frå Bergen. Alle var nok ganske spente til denne kampen, for Lyn er jo ikkje akkurat eit ukjent lag. Mange av spelarane hugsa at det var Henning Berg som trena A-laget til Lyn i eliteserien for ei tid tilbake. Men det såg ut til at spenningsnivået til gutane var perfekt: trøkka til frå start totalt utan respekt, tydelig prega av å vera eit lag i flytsonen. Lyntrenarane på sidelinja kommenterte enkelte av spelarane våre for gode prestasjoner, med vekt på teknikk og overblikk m.m.. Det blei bare eit mål i denne kampen etter 3 min. ut i 1.omg., og det var etter skudd frå Mathias, som dominerte mot gode Lyn-spelarar på midtbanen i denne kampen. Han holdt på ballen, dribla og slo gjennombruddspasningar uten at Lyn-gutane klarte å hengja med i svingane. Angrepsrekka med Kristian, Emil og Sondre trua bakrom gjennom heile kampen og bidrog til at vi holdt eit høgt press. Dei hadde fleire muligheter til å auka ledelsen, men det blei med kun det eine målet (sjøl om vi nok burde hatt minst 2 til etter klare målsjansar). Lyn hadde også sine sjansar, men forsvaret vårt med Espen, Erlend, Mats og Karsten gjorde ein solid jobb (som vanlig), og med ein god Olav bakerst var det ikkje lett å få hull på bullen for dei raudkledde. Alle gjorde ein kjempeinnsats defansivt for å trygga ledelsen og seier, og Karsten var spesielt god som høgreback i denne kampen: kjempa og sprang, klarerte med gode pasningar og var både høgt og lågt på banen. Torgeir og Kristoffer gjorde som vanlig ein solid jobb på midtbanen, både defansivt og offansivt.

Stegaberg I.L. var neste utfordring i vegen mot det som u.t. hadde som eit ønskje og mål for gutane: å bli puljevinnara. Det ville jo vera utrulig kjekt å få med seg ein premie frå N.cup, men då var det mange ting som måtte klaffa for det er svært små marginer i slikt cupspel. Men det gjekk bare 30 sekund før vi hadde vår første store sjanse i kampen. Men det gjekk 12 minut til før vi scora etter innøvd dødball: Mathias kasta innkast, Sondre vant deretter hodeduell og Kristoffer fekk ei lang tå på ballen som rulla over streken til 1-0. Det andre og siste målet i kampen kom etter 2 min i 2.omgang, då Sondre blei spelt fri aleine med keeper, og satte ballen sikkert til side for keeper. Det blei altså endå ein siger etter knallhard jobbing frå samtlige. Vi brukte 4 (av 5) innbyttere i denne kampen og hadde no etter 2 kampar latt alle 16 stk fått speletid. Alle innbyttarane gjorde ein kjempeinnsats og gav oss trygghet i laget. Det einaste som var litt dumt i denne kampen var at Mathias hadde eit ganske stygt fall som medførte noko som ligna ein liten hjernerystelse og hard trøkk i ryggen. Dette skulle visa seg å hemma han litt i resten av turneringa, men ikkje verre enn at han bidrog godt i dei neste kampane også.

Siste kampen mot Husøy & Foynland (Tønsberg) skulle bli ein puljefinale med kamp om puljeseieren. Utgangspunktet var at vi ville vinna pulja også med uavgjort i denne kampen. Men vi går aldri på banen for å spela uavgjort, vi var kun innstilt på å vinna kampen. Vi gjekk opp til 1-0 etter 4 min. i 1.omg. etter godt kanonskudd frå Kristoffer, og då visste vi at H & F måtte scora 2 gonger for at dei skulle ta oss. Men etter ein noko uheldig situasjon der Olav måtte rygga igjen etter utrusing, fekk dei eit billig mål, og det var plutselig kamp om puljeseieren igjen. Men vi drog det sikkert og fortjent i land etter 18 min., då Emil kriga knallhardt om ballen med keeper og Sondre følgte opp med å trilla ballen i mål. Vi viste vår defansive disiplin gjennom heile 2.omg. og sikra inn dette resultatet, til stor glede for både oss og alle våre flotte tilskuere (føresatte m.fl.). Vi var puljevinnara, premie var sikra, no var alt anna bare bonus og vi kunne virkelig senka skuldrene og vera strålande fornøyd med turneringa uansett kva som skjedde vidare.

A-Sluttspelet:
32-dels finale gjekk mot eit godt Skiens Grane-lag som spelar i 1.div. i serie med bl.a. Odd.
Det blei ein veldig jevn batalje som bølga fram og tilbake i 1.omgong. Då Torgeir måtte ta
nokre minutt timeout på sidelinja etter ein hard duell, fekk dei litt overtak på midtbanen og utnytta det til å gå opp i leiinga 1-0 etter 15 min.. Torgeir kom seg heldigvis på beina igjen, men vi låg altså under 0-1 til pause. Då fekk gutane beskjed om at vi no måtte tørra å ta større sjansar med å satsa meir offansivt (alle ligga høgare i angrep), at det var betre å tapa 0-5 etter å ha prøvt, enn å tapa 0-1 uten å ha prøvt nok ! I tillegg bytta Torgeir og Mathias roller der begge to fekk utnytta sitt potensiale endå betre (henholdsvis defansivt og offansivt). I tillegg til dette fekk Olav skikkelig dreis på utsparka sine som var heilt perfekte og gav oss eit voldsomt angrepsvåpen med høgt press. Olav stod veldig godt i mål, og på eit skudd som vi alle såg heilt i krysset, der oppheva han alle tyngdekraftens lover, der han svevde som ein Karlson på taket og fista ballen over krysset. Det var ein matchvinnar redning i høg klasse som hindra dei å auka ledelsen. I 2.omgangen var vi klart best. Mathias var stadig ein trussel på høgrekanten med stor fart rundt på sida. Då vi fekk kast høgt oppe på høgre sida, lykkas vi igjen med innøvd dødball etter 8 min: Mathias kasta knallhardt inn i feltet der Kristoffer var på plass og fekk breisida inn til velfortjent 1-1 og ellevill jubel frå sidelinja. Det gjekk bare 1 min. til før vi fekk frispark nærme mål, og då Kristoffer fyrte laus via foten til ein uheldig Skiens Grane spelar og ballen fauk der vi alle ville, ja då var det høg stemning på sidelinja, der det hadde samla seg ein stor flokk som heia på oss. Dei siste 11 minuttane blei spennande der skiens laget gjorde alt dei kunne for å utligna. Heile laget vårt jobba heroisk for å demma opp, men dei kom til sine svært farlige sjansar alikevel. Vi kunne gå av banen med nok ein sterk sliteseier på CV'n.

16-dels finale mot Ullern 1 blei ikkje ein spennande kamp. Vi møtte ein motstander som var for gode for oss. Det visste u.t. i forkant, då dette laget pleier vera i semifinalene sammen med lag som Molde, Stabæk og lignende i eliteturneringer, og regner seg blant dei 6 beste laga i Norge. Vi la derfor om til ein litt ny og noko ukjent formasjon (4:5:1) for gutane der vi ville prøva og unngå at dei spela seg heilt gjennom aleina med keeper, men pressa dei til å avslutta frå litt avstand. Det klarte vi til ein viss grad, mot dette laget som hadde vunne tosifra i puljekampane sine, men ellers blei vi springande mellom heile kampan og fekk ikkje låna ballen særlig mykje, mot dette laget som har som mål og pleier å ha ballbesitting minst 80 % i kampane. Etter kampen som enda 0-5 stod ein flott heiagjeng med velfortjent champagne til oss alle, der vi feira avslutningen på eit cupeventyr, som vi ikkje kunne vera anna enn veldig godt fornøyd med. Då var det snipp, snapp, snute og eit fantastisk cupeventyr var ute ! Då var det eit par dagar med Tysenfryd og heiagjeng for andre lokale lag m.m. på programmet. Ein strålande tur har vi hatt, både sportslig og sosialt. Tusen takk til alle spelara og føresatte for glimrande innsats, både på og utenfor banen.

mvh Yngve.