Fair Play-familien

I juni gjer vi ein liten vri på månadens FairPlay-person. I staden for ein person, har vi valt å heidra ein familie: Familien OLDERKJÆR SKÅR!

For alle som brukar timar og dagar på fotballbanane i Rosendal, er denne familien eit kjent syn. Både Hilde (mor) og Magne (far) er djupt og heilhjarta involvert i mange lag, både som trenarar, lagleiarar, motivatorar, heilagjeng og ikkje minst foreldre. Er det eit lag som treng trenar ein kveld, stiller dei velviljug opp. Skal fotballrom ryddast, kjem dei springande. Dei organiserar balljenter/gutar til senior-kampar, bidrar sterkt på dugnadar, stiller på møte, med masse masse meir! Når ein veit at dei bidreg i lokalsamfunnet elles òg, er det rett og slett imponerande.

Med seg i familien har dei Tina, Nathalie, Emil og Ida. Tina har emigrert til Voss, der ho mellom anna spelar for Voss sitt 1. lag. Men når ho stikk innom kommune, stiller ho på trening med A-lag damer og bidreg både sportsleg og sosialt. Og om klubben treng noko hjelp på dugnad, stiller ho alltid opp med eit smil, om det er loddsal, rydding eller anna.

Nathalie starta i fjor med «dugnadinnsats» for A-lag damer då få folk kunne stilla på kampar, ofte på «lange» bortekampar. No er Nathalie fast inventar på damelaget! Nathalie er ein habil dommar, og i ein klubb som slit med rekruttering av dommar, er det veldig kjekt å sjå at Nathalie tek utfordringa, og stiller velviljug opp! Emil og Ida er to fantastiske ungar som meir eller mindre er fostra opp inne på grasmatta. Det er ikkje få kveldsmåltid som er inntatt i buo ved kunstgrasbanen medan A-lag damer trenar ved sidan av. Og aldri ei sur mina! Etter kvart som dei har blitt større, har dei bidrege med mellom anna å fylla flasker, samla inn kjegler og skapt liv i leiren. Emil har vore med som sparringspartnar på trening om damene har mangla ein person. Ida har mang ein gong vore hundepassar.

Eit eksempel på engasjementet er årets utgåve av Tine Fotballskule. Her stiller Hilde, Magne, Tina og Nathalie som fotballinstruktørar alle dagane! I tillegg er Emil og Ida med på fotballskulen. Slå den!

Rosendal Turnlag set umåteleg pris på familien Olderkjær Skår, og er svært takksame for at denne familien er i «stallen». Desse smilande og imøtekommande personane gjer fotballkvardagen i fotballgruppa litt (masse) enklare! Gratulera, Hilde, Magne, Tina, Nathalie, Emil og IdaJ  Velfortent!!

Til informasjon: Det blir ikkje delt ut noko FairPlay-prisar i juli, neste gong er for august.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.