Fair Play- laget i april 2014: Gutar 10 år
Gutane på 10-års laget til Rosendal er blitt veldig flinke til å hjelpa trenaren på treningane sine. No er det ikkje lenger berre trenaren som samlar ballane i nettet. Alle spelarane hjelper til å leita etter ballane og puttar dei der dei skal vera og dei puttar vestane i posen. Dersom noko litt dumt skjer, til dømes om ein sparkar ein spelar i leggen i staden for ballen, går ti-års gutane og seier unnskyld etterpå! Kjempebra!!!
Ligg det masse boss kring banen, tek dei alle i eit tak og plukker opp bosset og legg det i bosspannet. Dåke er eit godt førebilete for resten av fotballgruppa.
Gratulera så mykje som månadens Fair Play- lag, og velfortjente 1000 kr.