Fair Play-person i april 2014: Romar Skeie Olsen

Romar har i mange år sørga for at Rosendal Turnlag har fått spredt informasjon på verdensveven. Samandrag frå kampar, trenarinfo, artiklar og anna informasjon legg han velvillig ut. Ikkje minst har han bidrege til at vi meir eller mindre har vore tilstades på Ekebergsletta under myntkast, straffekonk, tap, siger, jubelbrus og tårer. Dei siste åra har turnlaget og kome seg på Facebook, mykje takka vera Romar. På denne måten får vi opplysningar om nyhender i klubben på ein lettvint måte, og kan oppmoda alle til å følgje Rosendal Turnlag.
Fotballgruppa set stor pris på eldsjeler, og vi er heldige som har eldsjela Romar hjå oss! Heider og ære er herved sendt via veven!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

ten + twenty =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.