FairPlay-laget i Oktober 2014: Gutar 01

I tider der det kan vera vanskeleg å skaffa dommarrekruttering, stilte heile 8 av 12 G01-gutar på dommarkurs i 2014. Rosendal er avhengig av å rekruttere dommarar heile tida. Naturlege årsakar gjer at ein mister ein del dommarar undervegs. Difor set klubben stor pris på at desse 8 gutane tek på seg mange dommaroppgåver. Under minicupen i Rosendal dømde gutane i lag med eit knippe andre mange kampar på graset og kunstgraset. Rett etter cupen skulle dei spelar kamp sjølv; imponerande!

LagbildeNCForeldre, trenarar og andre tilskodarar kjem med tilbakemeldingar at dei er flinke og tydelege som dommarar. Mange er flinke til å rettleia dei yngste, om det er kast eller å geleida alle bak midtstreken på utspark. Flott. De er gode forbilete – fortset med det!

Alle på G01 viser stor positivitet i det dei driv med, og bidrar til at alle trivast på trening og i kamp. Det er aldri eit negativ ord til kvarandre seier foreldra.

Spelarane viser òg stor respekt til trenaren, Romar. Sjølv i mølja på Norway-cup kom alle spelarane springande i det trenaren plystra. Dette viser stor disiplin, og alle trenarar og foreldre som har hatt bursdagsfeiring heime, veit at dette ikkje er enkelt. Mykje ros går i retning av trenaren, men gutane skal ha mykje av æra sjølv òg. Dei er med på å halda orden på rommet under cupar, dei samlar utstyr etter trening, og dei bidreg der det er naudsynt. I år har Rosendal vore så heldige å fått ein dugnad på Norsafe sitt nye lokale, den gamle ungdomsskulefløyen. Her har alle fotball-laga i klubben fått moglegheit å stilla på dugnad. G01 er blant dei laga som desidert har vore mest der nede.

Klubben set stor pris på G01 som bidreg med så mykje til klubben, spesielt som dommarar og dugnadssjeler. Vi oppmodar alle foreldre og trenarar til å ta godt i mot alle unge dommarar de møter på vegen (dei eldre òg), vi er avhengig av desse skal vi spelar fotball.

Årets siste FairPlay-pris for lag går til G01 – Kos dåke!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.