FairPlay-laget i september 2014: Jenter 2007-2008

På Jenter 2007-2008 spelar det ein gjeng tøffe og herlige jenter. Alle 21 er veldig flinke til å møte på trening og gjev full innsats kvar gong (uansett hovudfokus)!

Lagbilde J0708Diverre er det ikkje slik at alle klubbar i kommunen har reine jentelag, Rosendal og Halsnøy er flinke her! Difor stiller Rosendal jenter 07/08 i såkalla mix-puljer og skal i utgongspunktet møte lag med ei blanding av jenter og gutar. Gutar utgjer hovudtyngda av spelarane, og ofte møter Rosendal sine reine jentelag meir eller mindre reine gutelag.

I somme kampar må jentene plukka ballen ut av sitt eige nett litt for mange gonger, og vi håpar at det vil bli ei meir rettferdig inndeling av grupper i framtida. Men dèt skal jentene ha: Dei er like glade etter kva kamp og klare for å takka for kampen i ei bein rekkje! Når jentene ein sjeldan gong vinn ein kamp, er dei langt oppe! Vi håpar dei får meir erfaring med å vinna, for vi er veldig stolte av å ha denne stilige buketten med jentespelarar i Rosendal TL.

Litt ros sender vi òg i retning av foreldra som er flittige på sidelinja under både kamp og trening. Laget har eit godt apparat kring seg; gode trenarar og ein veldig organisert oppmann som foreldra set stor pris. Klubben håpar foreldra fortsetter å følgja spelarane tett og er like velviljuge til å hjelpa til dei neste 10 åra!

Gratulera så mykje som FairPlay-laget i september. Kos dykk med premien  🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

thirteen − 6 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.