FairPlay-person august 2014: Raymond Olsen

Trenaren for det einaste juniorlaget (i fotball) i kommunen heiter Raymond B. Olsen. Raymond trenar juniorlaget Trio/Rosendal/Halsnøy G19. Å vera trenar for eit lag som må forhalda seg til 3 andre lag (og kanskje fleire) til ei kvar tid kan vera utfordrande og krevjande så all honnør til denne karen (med kompanjongar).For dei som følgjer med på Rosendalsfotballen, hugsar dei kanskje at G16 i 2013 vann prisen Årets FairPlay-lag 2013 for dei mellom 13 og 19 år i Hordaland Fotballkrets. Raymond var trenar for desse gutane som fekk ta turen til Brann Stadion og  sjå Brann-kamp i eigen boks. 

ManUkake

Mykje av grunnlaget for denne prisen var gjort av Raymond, blant anna illustrert med denne kaka over

Under årets Norway-cup var Rosendal igjen å sjå på TV-skjermen denne gong representert av juniorlaget i kommunen. Nytt av året var stoppen som skjedde på heile sletta der laga stilte seg opp og viste raudt kort til rasismen. Raymond gjorde ein god figur og fronta fotballen i Kvinnherad på ein god måte!

Gratulera som månadens FP-person, Raymond. Tusen takk for alle timane du legg ned for alle juniorgutane som ynskjer å spela fotball!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

three × three =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.