FairPlay-personen i september: ATLE SKÅLA

Grunngjeving: Atle er ein mann som stiller opp og hjelper alle som spør han med det meste. Han ryddar ballrom, garderobar og anna på eige initiativ. Om nokon treng sjåfør, seier Atle sjeldan nei. Når turen er ferdig, ryddar han grundig etter seg og laget (her er det mange som har noko å læra, klubben må av og til betale ekstra for vask). Er det særskilte arrangement, er Atle alltid friviljug og stiller opp med eit smil.


Atle er ein del av trenarteamet kring G16 og har ansvaret for 2. laget. Han tek i mot laga som kjem og har kampvertopplegg på alle heimakampane.

Atle er ein JA-person som bidreg til eit godt miljø i Rosendal TL!

Gratulera så mykje som Fair Play-personen i september, velfortjent!