FairPlay-personen Oktober 2014: Dommaren Willy Kalsås

Det er mange i Rosendal TL som bør få ros. Nokre får ofte meir ris enn ros. Dei får beskjed om nokon ikkje er einige i det dei gjer, men dei får sjeldan ros når dei gjer noko ein er einig i, og i dei fleste tilfelle gjer dei faktisk gode avgjersler. Dommarane – dei utskjelte.

WillyKalsaasWilly Kalsås er ein av dei som har tatt på seg denne jobben i årevis. Og Willy har gjort ein framifrå jobb. Som dommar er han bestemt og rettferdig, og det er sjeldan store protestar kring han. I tillegg til å dømme sjølv, er han dommaransvarleg i Rosendal og sonekontakt for Kvinnherad og Odda. Den viktigaste jobben Willy gjer, er kanskje arbeidet med å rekruttera nye dommarar. Ei oppgåve som ikkje er lett når alle har noko å gjera på, og det å bli kjefta på av spelarar, trenarar og foreldre er kanskje ikkje det som fristar mest. Likevel klarar Willy å formidle det han liker med å vera dommar. Han arrangerar klubbdommarkurs og rekruttdommarkurs. Han stiller på kampar for å følgja opp andre dommarar og rettleiar dei.

For dei som har vore i Oslo fyrste veka i august under Norway-cup, er nok Willy eit relativt vanleg syn. Det står respekt av ein person som brukar ei veke av ferien sin til å følgje opp dommarar frå heile verda rundt om på Ekeberg. Når han har tid, stiller han opp på kampar for å støtte dei lokale laga. Vi veit alle kor engasjerte ein kan bli når ein står på sidelinja i ein sluttspelkamp, og då er det godt med ein sindig kar som kan roe både sinnet og lynnet.

Vi håpar og trur Willy trivast så godt med dommargjerningane, at han fortsett i mange år framover og lar unge (og gamle!) nyte godt av erfaringane har jobba seg opp i løpet av åra som dommar. Gratulera som årets siste FairPlay-person. Vi er takknemleg for å ha deg i vår klubb!

 

Til slutt vil Rosendal TL Fotballgruppa oppmoda alle som stiller på fotballkampar om å vise RESPEKT for dei som stiller som dommarar. Dei gjer alle ein kjempejobb, ein jobb som dei fleste ikkje tek på seg, men ein jobb som nokon må ta for at det kan spelast fotballkampar. TUSEN TAKK til alle som stiller som dommarar, og vi oppmodar alle som har lyst å bidra til å ta kontakt med klubben, så arrangerar vi dommarkurs. Det er rom for avdanka fotballspelarar, tribunesliterar, unge lovande og gamle erfarne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

3 − 1 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.