FairPlay-personen september 2014: Jan Jaap Boot

Fotballgruppa i Rosendal TL er ei gruppe som skal og bør organiserast og styrast på best mogleg vis. Å styre dette skipet er litt av ei oppgåve og vi er enormt takknemlege for at ein dyktig og ressurssterk person som Jan Jaap Boot står ved roret! Jan er fair og viser respekt til menneska kring seg.

Jan Jaap Boot i lag med ein haug av unge lovande fotballspelar og flotte dugnadssjeler! (Foto: Håvard Sætrevik)

Jan Jaap Boot i lag med ein haug av unge lovande fotballspelar og flotte dugnadssjeler! (Foto: Håvard Sætrevik)

Jan gjer ein fantastisk jobb som styreleiar i fotballgruppa. Å vera styreleiar krev mykje tid, energi og kontroll, ikkje ei oppgåve for kven som helst. Vi er nok ikkje flinke nok til å skryte av dei som tek på seg eit slik ansvar, men Jan skal veta at vi set pris på jobben han gjer!

I tillegg til å vera styreleiar for heile fotballgruppa, er han med i apparatet kring G00 som har gjort store framskritt i 2014. G00 er ein gjeng med positive gutar og det er veldig kjekt å sjå dei spela fotball. Organiseringa kring laget er god og dette er mykje takka vera Jan.

Alle klubbar og lag kring om i Noreg er avhengig av å få inn pengar til drifta; dommarutgifter, leige av ulike anlegg, straum, vedlikehald, premiar, utstyr, REISEUTGIFTER, og mykje mykje meir. Ein del av inntektene kjem frå sponsorar, og ein del kjem frå ulike dugnadar som personar kring klubben stiller på (ein stor TAKK til alle dugnadslitarar). Jan har gjort ein super innsats her, og det siste store bidraget i rekkja er dugnaden på den gamle ungdomsskulen som viser at Jan har stor sut for fotballgruppa. Minibussen som kom til klubben i år, er òg eit resultat av Jan sin innsats og drivkraft. Bussen gjer det mykje enklare å koma seg på bortekampar.

Jan er ein god mann for Rosendalsfotballen!!!!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

ten + eleven =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.