FairPlay tur til Brann!

Med Håkon Mehl bak rattet, og Arvid som reiseleiar reiste nær 50 stk frå Kvinnherad for å få med seg utdelinga av årets FairPlay-pris på Brann stadion på søndag. G16 laget med heile 25 spelarar hadde og med seg trenarar, oppmenn, sponsorar og slekt. På stadion fekk alle sitja i ein VIP-losje, der utdelinga av prisen og andre premiar fann stad.


Det vart servert pizza og drikke. I pausen kom det nokre unge Branntalent opp ilag med Terje Hauge(tidlegare fotballdommar) for å snakka med Rosendalsspelarane. Ei fin markering på Brann stadion, berre synd at Brann ikkje spelte betre enn 0-0 mot Hønefoss. Gutane oppførte seg eksemplarisk på turen, men det var vel forventa; dei har jo fått Fair Play-prisen.

» Fleire bilete frå turen finn du her (Foto i album: Marianne Bøyum og Sølvi Gundersen)

» Lenke til fotballkretsen sin artikkel

Tekst/Foto: Marianne Bøyum