Fakkeltog for skulane

Vel og merke er ikkje dette eit idrettsarrangement, men viktig er det for idretten at vi beheld skulane i nærmiljøet, om vi skal behalde eit aktivt idrettsmiljø. Difor oppmoar vi alle om å stilla opp på dette arrangementet.
Klikk deg vidare for meir info.


Tysdag 17.11. vert det stort fakkeltog for skulane i Kvinnherad:

For full utbygging av Rosendal Ungdomsskule, og mot dei føreslegne skulenedleggingane i Ølve, Omvikdalen, Herøysund, Sunde og Sandvoll.

Møt opp i Skålafjøro i Rosendal kl. 17:00 tysdag 17.11. Der vert det delt ut faklar, og så går vi over brua, ned langs elva, mellom fotballbanane og samlast på skuleplassen ved ungdomsskulen og plassen mellom fotballbanane. Der vert det appellar og kulturinnslag, og vi reknar med å vera ferdige til 19:00.

Parolane er:

  • Ingen skulenedlegging på tvers av folkevilje!
  • Tala viser: ingenting å spara på nedlegging!
  • Rosendal Ungdomsskule: Vedtak no – full byggjestart til sommaren – ferdig 2011!
  • Full utbygging av Rosendal Ungdomsskule: Alternativ 4 er det framtidsretta valet!
  • La bygdene leve! Då må vi ha skule!

Dette betyr ikkje at vi treng gå med plakatar eller banner, men dette er hovudbodskapen i markeringa, og den vil bli framheva ved scenen.

Arrangør av markeringa er VARSKU (aksjonsgruppa for Rosendal Ungdomsskule), saman med aksjonsgruppene i Omvikdalen, Herøysund og Sandvoll.