Fjelltrim 2011

Fjelltrimkorta for året er lagt ut for sal hjå Rosendal Sport. Prisen er kr 50,- pr kort inkludert årspremiering.
Du tek med kortet og klypper i det på kvar av dei fem toppane, samstundes som du skriv namnet ditt med eiga handskrift i boka som ligg i eit skrin på posten.


Premiering

Dei som deltek for fyrste gong, må passe på å ta med seg ein stein (maks 10 cm i kvar kant) frå ein av turane. RT vil sørgje for at steinen vert montert på ein sokkel av furu, og med inskripsjonmpå ei messingplate som er festa på sokkelen. Pris for dette er kr. 100,-.

Dersom du alt er eigar av stein på sokkel, får du kvart år ei lita messingplate med årstal til å festa på sokkelen.

Vi ynskjer alle god tur!