Flott dag på HeioCup

Rosendal stilte med mange lag på HeioCup. Mykje folk og mange gode kampar gjorde sitt til at det vart ein flott dag.


Mange av kampane som vart spelt idag viser at det gror godt i fotballgruppa. Minigutane stilte med tilsaman fire lag. Det vart siger i dei fleste kampane, men det som var mest gledeleg var fotballforståinga som byrja ta form i dei unge spelarane. Det var takter som underteikna ikkje har sett før på miniturneringane. Dette lovar godt form framtida. Her kan du sjå bilete frå minigutane sine kampar. Vi håpar at andre som tok bilete på cupen kan sende dei inn så skal vi leggja dei ut på nettet.