Flott dag på miniturnering

Dagens miniturnering i Rosendal vart eit flott arrangement med fint vær og mykje folk. Til saman 42 lag var påmeldt og frå klokka 11:00 – 16:00 var det stor aktivitet på stadion. Heile 317 spelarar var på plass, og det er ny rekord.


Nok ein gong var vi heldige med været for dette arrangementet. Folk kosa seg med fotball, is, brus, pølse og kaffi. Mange føresette og andre med interesse for fotball var møtt opp. Diverre var det ingen frå kommunen som møtte opp for å sjå nytten av kunstgraset, men alle vi andre ser iallefall nytten av den og vi gler oss på Halsnøy sine vegne at dei og får ein slik bane i løpet av kort tid.

» Her kan du sjå fleire bilete av turneringa