Flott fotballavslutning

Sundag 25. november vart fotballsesongen avslutta for i år. Som vanleg var det stappfullt i Samfunnshuset av spelarar, syskjen, førestette og besteforeldre. Ettermiddagen starta tradisjonstru med kaker og kaffi før det vart to rundar med årasal. Mange fine premiar vart delt ut til dei heldige vinnarane. Når det var tomt for premiar var det tid for utdeling av pokalar og medaljar til spelarane.


Sidan kameraet til underteikna ikkje gjorde jobben skikkeleg denne ettermiddagen har vi vore heldige å få låna bilete av Morten Nygård i Grenda, vi takkar for det.