Flott innsats på TrioCup
Gutar 10 år stilte som einaste lag frå Rosendal på TrioCup sundag 6. mars. Der spelte dei fire kampar, vann tre av dei og tapte ein.
Fyrste kampen vann dei 2-0 over Halsnøy Blå, deretter slo dei Halsnøy Gul 5-0 og Halsnøy jenter 11 år 3-0. Siste kampen gjekk mot eit godt 2002 lag frå Trio. Her tapte vi knepent 1-0.
Gutane hadde spelet og pressa Trio heile kampen. Mot slutten hadde vi ballen i mål, men dommaren såg ikkje den var over streken, dermed enda kampen 0-1. Sikrre kilder på tribunen såg at heile ballen var i mål, men som gutane vart fortald etterpå, nokre gonger går det vår veg andre gonger motstandaren sin. Slik er fotballen og slik vil den vera i framtida og.
Gutane viste seg frå si beste side både på fotballbanen og utafor banen. Vi vil samstundes takka Trio for ein flott gjennomført cup.