Flott jubileumsfeiring
Værgudane var med oss i dag under 110 års jubileet til Rosendal Turnlag. Ikkje altfor mange møtte opp til opptoget gjennom skålagato, men det seig på med folk utetter dagen.
Adele Bauge landar eit godt stykke inn i lengdegropa.
På stadion var det høve til å ta ferdighetsmerke i fotball, hoppe lengde, støyte kule, springe 60 meter, kaste ball, hekkeløp, skike og sist, men ikkje minst, teste skotfoten. Sistnemnde var det mange som prøvde, og konkurransen vart hard. Høgaste fart på skotet var det til slutt Lars Johan Myklebust som greidde, han oppnådde ein fart på 108,76 km/t.
Alt i alt var det ein triveleg dag med mange kjekke aktivitetar både for store og små. Vi gratulerar oss sjølve med dagen og takkar alle som møtte opp og alle som var med og hjalp til under arrangementet.