Flott kamp av damene

Damelaget hadde ein flott kamp mot Åsane II på laurdag, og til tider glimrande fotballspel. Laget me spela 2-2- mot i vår, vart overkøyrde av Rosendalsdamene.


Allereie etter 2 min scora Hildegunn Guddal etter å å snappa opp ballen frå

Frå venstre: Hildegunn Guddal, Ida Røssland, Line Steffensen Holmedal og Kristine Enæs.

ein forsvarsspelar. Allereie når fyrste målet kom, hadde eg på følelsen av at denne gongen skulle vi få sjå fleire mål frå Rosendal. Måla kom deretter som «perler på ei snor». Åsane II stod fram som eit lag som og ville spela angrepsfotball og difor fekk me våre moglegheiter framover på banen.

Oppsmummeringa frå kampen er kort og godt – svært godt utført lagarbeid. Eg har nevnt ved fleire høve at damene viser vilje til å
«stå ut» kampar til siste sekund. Sjølv om vi leiar 4-1 etter 1. omgang, går damene ut og «vinn kampen» 8-0 i 2. omgang – tilsaman 12-1 !
 

Frå venstre: Anita Simensen, Linn Tveiten, Anette Fausk og Marte Ingebregtsen.

Damelaget v il no gå ut i ein tøff haustsesong med fire bortekampar etter kvarandre. Eg og damene har forsøkt å planleggje bortekampane så godt me kan. Dersom damene er flinke no og tar ein kamp om gongen, trur eg me skal bita godt ifrå oss framover og. I skrivande stund leiar Rosendal/ Uskedal sitt damelag serien, eit poeng framføre Varegg/Sandviken. Me ventar oss ein tøff kamp mot Varegg/Sandviken til søndag (me slo dei 4-3 i vår på heimebane), og møter eit lag som før sesongen starta publiserte opprykk.

  

Linn Tveiten hadde me håpa på å få ha til kampen mot Varegg/Sandviken, men dette hadde berre laga «krøll» for resten av sesongen for henne, med tanke på skulegong og trening i Bergen. Overgangar etter 31.8.08 gjer at ein ikkje er klar før etter 5 mnd.

Linn Tveiten som no skal til Sandviken

Etter kampen mot Åsane på laurdag hadde me kake etter kampen og markerte litt stas for Linn som drar til Sandviken og Bergen og Ida sin fødselsdag.

Med helsing

Stig D. Tveiten – trenar