Flott Minicup i Herøysund

Endeleg var det klart for fyrste minicup for året, og endeleg vart det fint vær når det var Herøysund sin tur. Det var mange blide born og vaksne som hadde teke turen denne sundagen.


Rosendal stilte med 6 lag. Einaste minuset var at nokre av dei minste hadde fyrste kampen klokka 10:00 og siste (av tre kampar) klokka 15:00, det vart vela lenge. I framtida må vi som er arrangørar prøve å komprimere tidsbruken pr lag. Det vert altfor lenge for desse fotballspelarane å gå i 5 timar for å spela 3 kampar.

Her er mange bilete (77) frå cupen, fotografen er Magne Skår