Flott sonesamling
Det vart ein kjempesuksess med sonesamlinga i Rosendal 10.-11. mars. Rett nok starta det med dårleg vèr, med vind og regn, men det kom seg utover lørdagen. På søndagen var det mykje betre treningsvèr.
Leiarane for samling, med Erling Grov i spissen, var fulle av lovord etter opphaldet. Magnus Johansson starta samlinga med nyttig teori, før han tok ei treningsøkt med alle spelarane, ca.60 stk.
Spelarane imponerte med gode treningsøkter. Det er kjekt å vera vertskap for så mange flotte ungdommar og leiarar når dei er så positive. Takk til alle som hjelpte til med mat og o.l. Det blir truleg fleire samlingar etter det eg forstod av uttalelsen til leiarane.
For Rosendal T.L.
Arvid Nes