Flott tur til BenditCup på Stord

Tre lag reiste sundag frå Rosendal til Stord på BenditCup. G 99, G 2001 og J 2001 stilte med kvar sine lag. Vi var heldige med været og stemninga på turen var høg. Spelarane såg ut til å ha ein triveleg cup dag, og gutar 2001 avslutta dagen med å synga «Glory glory Rosendal» på scenen under premieutdelinga.