Flott tur til Brann Stadion

Då var endeleg dagen komen for tur til Brann Stadion og kamp mot Stabæk. Småjentene stilte med 17 balljenter til kampen og inkludert foreldre og andre brannsupporterar var vi totalt vel 50 stk som reiste til Bergen. PS! Nye bilete er lagt inn onsdag 22/10.


Rødne stilte på kaien i Rosendal med den vanlege båten pluss ein ekstrabåt som skulle frakta oss alle til Bergen. Det var litt ruskete på sjøen så nokre fekk ein litt tøffare tur til Bergen enn ein hadde håpa på, men det gjekk bra. Vel framme i Byd'n sto bussen klar og frakta oss til stadion. Der fekk vi alle plassar heilt nede ved grasmatta i BT-svingen. Store og små gleda seg til at dommaren skulle blåsa kampen igong.

Før kampen vart satt igong var småjentene framme på midtbanen og viste fram det store, runde «seglet» med tippeligareklame på. Dette var nok eit av høgdepunkta for jentene, stemninga var stor med kontrollerte bengallys på storestå.

Vel i gong fekk vi brann tilhengjarar ein lite kjekk start, Siggurdsson fekk raudt kort etter nokre minuttar speletid. Vi var redde dette skulle prega kampen og at Stabæk skulle køyra over heimelaget. Dette skjedde ikkje, Stabæk skora rett nok ei stund etterpå, men Brann hang med og spelte mykje god fotball. Like før pause skora Brannyndlingen, Eirik Huseklepp, eit velfortent mål for heimelaget og litt småfrosne kroppar fekk jubla og hoppa litt, varmen og stemmninga steig betrakteleg.

Andre omgang vart for vår del enno kjekkare sidan vi satt bak målet der heimelaget skulle skora. Vi fekk Husekleppen på nært hald der han dribla og finta seg forbi forsvararane til Stabæk. Mål vart det diverre ikkje, men dei prøvde iallefall. På overtid skora diverre Stabæk, men alt i alt hadde vi ei flott oppleving på stadion. Nokre unge fotballspelarar frå Rosendal sitt minilag fekk truleg lært seg nokre nye gloser av nokre litt hardbarka Brann supportarar som sat like bak oss, men dei glosene vert nok snart gløymd!??

Etter kampen vart vi frakta i buss til Os der Rødnebåten låg klar til å frakta oss heim. Klokka var vel nesten 01.00 før dei fleste kom seg under dyna, så nokre trøtte supportarar er nok å finna på skulebenken og på arbeid idag.

Dette var ein flott tur som alle satte pris på og vi vil nytta høve til å takke alle som bidrog til at vi fekk denne turen. Då spesielt til Karoline, som fekk ordna med at småjentene fekk vera balljenter, Bergen Group (sponsor), Rødne (sponsor og frakt) og Vibe (sponsor).

Her er nye bilete frå turen (Foto: Håvard Sætrevik, Grenda)

Her er bilete frå turen (Foto: Romar Skeie Olsen)