Flott tur til Gol

Oldboysane reiste med godt mot til Gol på fredag for å delta i Bjørnecup. Vi reiste opp på fredagen og var klare for kamp allereie klokka 09:00 på laurdagen. Kroppane var nok ikkje heilt innstilt på kamp så tidleg så første kamp vart noko lurvete.


 
 Kjetil Næs, vår kaptein og lagleiar, hadde mange velvalgte ord før kampane!

Den endte med 2-0 tap. Andre kampen gjekk 09:40, her var vi litt meir med, men dei fleste av oss var noko uvant med underlaget som ikkje kan samanliknast med kunstgrasbanen vår i Rosendal. Kampen enda 0-0 og no hadde vi to kampar att til å samla poeng for å gå vidare til semifinale. Tredje kamp starta betre enn dei andre, men vi fekk likevel eit tidleg mål i mot. Rune Sandnes utlikna like etterpå med eit frispark av høg klasse direkte i mål. No augna vi ein sjanse til å få oss ein siger, men mått diverre gje tapt etter 18 minutt med 3-1 i målprotokollen. Siste kamp tapte vi 1-0. Alt i alt var det ein flott tur i strålande sommarvêr og med 12 spelarar i godt humør! Dette gjer vi nok att ved eit seinare høve! Fleir bilete finn du her!

 

Laget som var på Gol, med unnatak av ein som var i eit naudsynt ærend før kamp.