Folk i form til NM

Søndag 12. august 2012 skal NM i motbakkeløp haldast i Rosendal. Saman med Fjellstreif skal Friidrettsgruppa i Rosendal Turnlag og ei mengd bygdefolk skape eit flott NM arrangement. Rosendal Turnlag vil at flest mogleg skal inspirerast til å kome i litt betre form og vil nytte tidsrommet fram til motbakke NM som ein ekstra motivasjon. Difor lanserer vi FOLK I FORM TIL NM som ei oppmuntringskampanje for felles trimming kvar søndag fram til NM.


FOLK I FORM TIL NM er eit organisert trimtilbod ein gong i veka der målet er å skape eit familievenleg «i flokk og fylgje» opplegg passande for alle – uansett alder og fysisk form.

Frå søndag den 25. mars er det 20 søndagar fram til NM arrangementet går av stabelen.

Kvar søndag frå og med 2. påskedag (måndag men likevel….) og fram til 12. august (17 søndagar) har FOLK I FORM TIL NM avmarsj frå samfunnshuset i Rosendal kl. 18.00.
Friidrettsgruppa stiller med turlos og løypene vil variere litt kvar gong.

Målet er ikkje distanse, men tid: Det er eit mål for joggarane å jogge i 45 minutt og det er eit mål for turgjengarane å gå nokolunde fort i 1,5 time. Intensiteten bestemmer ein sjølv.
Vi prøver òg å få i stand ei sykkelgruppe.

Alle som deltek i FOLK I FORM TIL NM vert registrerte før start og kvar deltakar får poeng for deltakinga. Den første gongen ein deltek får ein 1 poeng, den andre gongen 2 poeng osv.

Alle som deltek i FOLK I FORM TIL NM er med i trekning om flotte premiar.

Dei som har delteke i FOLK I FORM TIL NM 10 søndagar eller meir vil være med i trekning om eit reisegåvekort på kr. 10.000 og den familien som har høgast gjennomsnittspoeng for familiemedlemmane får ekstra premie og mykje fortent heider og ære.

Alle deltakarar får spesialdesigna FOLK I FORM TIL NM T-skjorte.
Trekning av gåvepremiar og premieutdeling skjer på NM arenaen søndag den 12. august.
Oppdatert poengservice er tenkt på RTL si nettside og lokalavisa kvar veke.

Alle deltakarar må betale 30 kroner første gongen dei deltek. Dette dekkjer T-skjorta.

Målsetjing.
Friidrettsgruppa har som mål at minst 400 personar skal delta i FOLK I FORM TIL NM ein eller fleire gonger i løpet av kampanjeperioden. Samstundes håpar vi at hyppig og vedvarande omtale i lokalaviser, eigne FOLK I FORM TIL NM T-skjorter og andre tiltak skal setje fokus på at arrangementet den 12. august både er finale i Norges Cupen, uttaks løp for VM i Italia i september og Norgesmeisterskap i tillegg til det tradisjonelle Nuten Opp.

Friidrettsgruppa