Folkefest og løyperekord

Dei tre raskaste i herreklassen. Nr 1: Sindre S. Omvik. Nr 2: Anders Kjærevik. Nr 3: Eirik Gausvik Musland.

Den 38. utgåva av Kvinnheradløpet vart ein kjempesuksess. Ny løyperekord vart det òg.

På morgonkvisten var det kuldegrader og frost i Rosendal, men utover søndagen bada bygda i sol, slik at rammene for årets Kvinnheradløp var dei aller beste. Heile 697 personar tok turen gjennom den 5,8 kilometer lange løype, i tillegg til dei 35 som sprang på tid.

Som venta var Sindre Solbakken Omvik aller raskast. Han spurta i mål på tida 17,25, noko som også var soleklar ny løyperekord. Han hadde sjølv den gamle rekorden på 17.50, sett i fjor. Omvikdelingen har dermed fire strake sigrar i Kvinnheradløpet.

Anders Kjærevik frå Varaldsøy vart nummer to på 19,18.

I dameklassen sigra 16 år gamle Ingeborg R. Eikeland frå Bergen TF på tida 21,40. Sølvet gjekk til Kari Bråtun frå Uskedalen på 23,16.

Tekst og foto: Morten Nygård/Grenda

Speakar Kjell Martin Håvik intervjua dei tre beste i dameklassen. Nr 1: Ingeborg R. Eikeland. Nr 2: Kari Bråtun. Nr 3: Hildegunn Håland.

Mykje folk vart verande att i målområdet i finvêret.

Denne gjengen la i veg lenge før sola dukka opp på stadion. Bak f.v: Ingeborg M. Skjelnes, Mona Myklebust, Karen Johannessen og Mariann Thunold. Framme f.v: William J. Øyjord og Elina Naterstad.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 × 1 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.