Føredrag om Allsidig Aktivitet i Rosendal
Fana IL er eit fleiraktivtetsidrettslag med godt over 3 000 medlemer og med gruppene «Friidrett, gymnastikk og turn, handball, orientering, ski – alpint / langrenn, skiskyting, skeiser, sykkel, og Fana fotball». Visjonen til Fana IL er å vera eit leiande idrettslag både på det sportslege og sosiale planet. Laget er ein pådrivar i utviklinga av idrettstilbodet i Fana. Laget sine kjerneverdiar er; Glede, fellesskap, trygghet og handlekraft!
Ein av grunnpilarane i Fana IL sin tankegang, er AAF-Prosjektet (Allsidig Aktivitet i Fana).
I orienteringa om prosjektet heiter det; «Allsidig trening og tilnærming til idretten er skadeførebyggjande og ikkje minst motiverande for utøvarane. Kompetanse til utøvarar, trenarar, leiarar og det å læra av kvarandre er viktig for å få eit langt og aktivt liv innanfor idretten».
Til no har prosjektet gitt svært gode resultat for Fana IL på alle plan.
Måndag 11. mai kjem prosjektkoordinator Gisle Ellingsen i Allisidig Aktivitet i Fana IL til Rosendal og Rosendal Turnlag for å fortelja om AAF-Prosjektet.
Prosjektet har ein absolutt overføringsverdi, og styrerepresentantar, gruppeleiarar, lagleiarar, trenarar & andre interesserte i Rosendal Turnlag bør stilla i RauaLøo måndag 11. mai kl 17.00 for å få meg seg føredraget.
Kanskje har vi noko å læra, og kanskje her er tips som kan gjera Rosendal Turnlag meir attraktiv & betre??
Vel møtt til alle!!
PS. Gje gjerne eit tilbakemelding om at du kjem.
Mvh.
Jostein Hatteberg, leiar
Rosendal Turnlag
Tel 489 94 213
ePost: rosendal@folgefonn.net