Fortent heimesiger
Herre a-laget spelte heimekamp mot Lyngbø 2 i dag. Lyngbø leia 1-0 etter fire minutt, men etter det var det stort sett einvegskøyring mot bortelaget sitt mål. Rosendal utlikna med ei flott skot av Frode Havnerås. Like før pause sette superveteranen, Jan Evald Såtendal, inn 2-1 som og vart pauseresultatet.
Etter pause fekk heimelaget to kjappe skoringar med Jan Evald og Tommy Røssland. Heimelaget spelte mykje god fotball og Lyngbø kom aldri inn i kampen. Når dommaren blåste av kampen stod det heile 7-1 ein i målprotokollen. Frode, Tommy og Vegard E. Ludvigsen skora dei tre siste.
Gutaspelar Simon Kortila spelte spiss det siste kvarteret. Han er rask og var nære å skora fleire gonger. Det var Simon som la til rette for at Vegard kunne setje punktum med 7-1 målet.
Alt i alt ein god kamp av herrane, og vi gratulerar med årets fyrste heimesiger.