Fotball
I menyen til venstre vil de finna informasjon knytt til dei ulike fotballaga i turnlaget.
Treningstider og anna aktuellt stoff skal liggje her. Bruk lenkjene i menyen til venstre.
Siste artiklar om fotball
- Helene Hus Hansen til elitecup på Hamar 7. oktober 2022Helga 7.-9. oktober er Helene Hus Hansen teke ut til å spele for kretslaget til Hordaland på Elitecup på Hamar. Ho vart utteken til kretslaget hausten 2021, og har trent og spelt med dei gjennom vinteren. No i haust deltok ho og på samling for kretslag på Nærbø. Vegen til å bli god keeper starta tidleg og ...
- Tine Fotballskule 21.-23. juni 2022 11. mai 2022Vi inviterer til Tine fotballskule 21.-23. juni 2022 i Rosendal, og byr på tre dagar med fotballmorro! Tilbodet er ope for alle i aldersgruppa 8-13 år (født. 2008-2014). Deltakarane vert delt inn i grupper, der alder er det viktigaste differensieringsnivået. Kvar dag skal gje variert aktivitet med fotballen i sentrum, og øvelsane skal tilpassast den einskilde ...
- Invitasjon til fotballfest 29. oktober 2021Søndag 05.12. klokka 15:00 er det klart for fotballfest for Rosendal Turnlag fotball. Festen er i Rosendal samfunnshus og er avslutning for sesongen 2021 for laga 10-17 år! Program: Matøkt for barn og vaksne Medaljeutdeling Årsesal, 2 omgangar, kr 10,- per åre hugs kontantar, NB! Har vipps òg! Trekking av haustlotteri Rosendal Turnlag ynskjer velkomen til spelarar med søsken og foreldre ...
- Rosendal A-lag herrer startar sesongen! 28. august 2021Søndag 29.august er det endelig duka for A-lags fotball for Rosendal Turnlag. Rosendal har samarbeid med Trio IL i 7 divisjon avdeling 2. Først ut er det Baune 3 som kjem på besøk. Baune er frå Landås i Bergen. Kampen blir spelt på Uskedal idrettsplass i påvente av at Rosendal stadion står ferdigstilt. Kampstart: Rosendal/Trio 2 – ...
- Rekrutteringsdag for gutar og jenter 7. mai 2021Torsdag ettermiddag vart det arrangert rekrutteringsdag for gutar og jenter fødd i 2015. Formålet med rekrutteringsdagen er å promotere klubben og få rekruttert nye fotballspirer til klubben vår. Det er og ein fin arena for føresette å møtast og verte kjend med kva fotballgruppa tilbyr. Borna kan kome og vere med på leik med fotball ...
- Gåvedryss til Rosendal Turnlag 21. april 2021I dag 21.april var representanter frå Rosendal Turnlag samla i Rosendal Samfunnshus for gåvetildeling frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad. Foto: Daniel Morso Rosendal Turnlag vart tildelt heile 5 gåver: – Rosendal Turnlag – fotballgruppa søkte og fekk kr. 85 000,- til kvalitetsheving (Norges Fotballforbund kvalitetsklubb). – Rosendal Turnlag søkte og fekk kr. 10 000,- til treningsutstyr friidrett. – Rosendal Turnlag søkte ...
- Er du fødd i 2015 og vil spela fotball? 15. mars 2021Fotballgruppa skal starte opp årets nye fotballkull. I den anledning etterlyser vi gutar og jenter som skal byrja på skulen til hausten, og har lyst å spela fotball med oss. Vi har oppretta følgjande gruppe på Facebook som du finn ved å klikke her: Rosendal TL – rekruttering 2015. Legg deg til i gruppa for meir ...
- TINE Fotballskule 22.-24.juni 10. mars 2021Rosendal Turnlag – fotball arrangerer TINE Fotballskule 22.-24.juni 2021 på Rosendal Stadion. Vi ynskjer med dette å gjere dykk merksam på arrangementsdatoar. Det blir løpande publisert meir informasjon på vår heimeside. Vi minner om at TINE fotballskule vert arrangert i tråd med gjeldande regelverk mtp. covid-19 og retningslinjer frå Norges Fotballforbund. Klikk her for flygeblad i PDF-format
- Konstituert gruppeleiing fotball 24. april 2020Årsmøte i Rosendal Turnlag vart ikkje gjennomført som planlagd den 15.04.2020. For å koordinera og halda liv i aktivitetar i fotballgruppa er følgjande leiargruppe konstituert: Rosendal Turnlag fotball – gruppeleiing (klikk for mailadresse): Leiar – Reinhard Lund-Mikkelson mobil. 909 73 982 Ansvarleg for kommunikasjon & nettsider – Cecilie Opedal Sportsleg ansvarleg-fotball – Trond Inge Haugland Ansvarleg for sponsor kampprogram/innsamling – Arvid Nes Koordineringsansvarleg – Erlend Bøyum Arrangementsansvarleg – Hilde ...
- Avslutningsfestar – fotball 14. oktober 2019Datoane for fotballfestane er fastsett. Merk av i kalenderen og bli med! Fotballfesten for vaksne blir: Lørdag 9 november på Snikkeriet. Fotballfesten for ungdomslago blir: Søndag 24/11.