Arbeidbeskrivelse for lagleiar
Arbeidsbeskrivelsen er meint som rettleiande og hjelp til lagleiarvervet.
Organisatorisk
Lagleiar har ein person i styret som kontaktperson.
Generelt
Delta på trenar / lagleiar møte.
Ansvar for at det vert fylt ut og levert inn komplette spelarlister og at desse vert oppdatert.
Skriva årsmelding i lag med trenar.
Organisera dugnader som laget skal delta på.
Arrangera foreldre/spelarmøte i lag med trenar.
Reiseleiar på heime og bortekampar. Ev avtale med «vikar».
Kontroll på drakter og medisin skrin.
Passa på at alle som skal spela senior fotball, har betalt lisens.
Fylla ut skademeldingsskjema.
Laga kjørelister til bortekampar.
Informera kamp ansvarleg om endringar.
Heimekampar
Kontakta dommar og ev. assistent dommar eit par dagar før kamp og sjekka at alt er OK.
Kontakta motstandar lag eit par dagar før kamp og sjekke at alt er OK.
Ta imot gjestande lag.
Ta imot dommar og ev. assistent dommarar. Ansvarleg for at desse får betalt.
Sjekka at bane og garderobar er ledig.
Kampresultat til kretsen.
Fylla ut dommarkort.
Informera for annonsering.
Bortekampar
Kontakta motstandar lag eit par dager før kamp og sjekke at alt er OK. Draktfarge, bane og tidspunkt.
Planleggja reisa.
Kreva inn eigen andel, fylla ut reiseskjema og levera dette til Elin eller Tor Øystein i banken. Tunell- og ferjekort skal leverast Arvid etter reisa.
Fylla ut dommarkort.