Lagleiaren

Fotballvener!

 Lenker
 HFK si heimeside
 Skjema
 Sportsplan

Velkommen til fotball sesongen. Det er laga ei mappe for  trenarar og lagleiarar som skal vera eit hjelpemiddel gjennom sesongen. Den skal innehalda alle nødvendige skjema og retningslinjer for å gjennomføra sesongen.


Møte/sosialt

Det skal gjennomførast fleire trenar/lagleiar møte. Viktig at alle lag er representert på desse.
Det bør og gjennomførast spelar/foreldremøte.
Det skal gjennomførast avsluttningsfest for alle lag slik at det kan delast ut premiar o.l.

Organisasjon

Fotballgruppa er organisert slik at alle lag har ein kontaktperson frå styre.

  • Jentelag og Damelag: Trude Havnerås (2013)
  • Juniorlag og Herrelag: Jan Jaap Boot (2013)
  • Gutelag, Småjentelag, Smågutelag, Minilag, Lillejentelag og Lillegutt lag: Arvid Nes 

I tillegg har vi fylgande funksjonar.

  • Leiar i fotballgruppa
  • Skrivar og spelar registrering
  • Gjennomføring av senior kampar, lisensarog data

Når det gjeld den daglege drifta av fotballgruppa, behov for nøklar, ferge- og tunell kort o.l. er Arvid Nes den rette å kontakta.


Kontigent

Medlemskontigent for sesongen er som fylgjer: (ikkje treningsavgifter i tillegg)

  • Vaksne frå 18 år kr 950,-
  • Ungdom 8 – 17 år kr 500,- 
  • Barn til og med 7 år kr 350,-
  • Trenar/Lagleiar kr 50,-
  • Styremedlem kr 250,-

Alle må betale denne.


Registrering
  • Lagleiar/trenar må levera inn lister med
    • navn
    • fødselsdato
    • adresse o.l. på alle spelarane på laget.
  • Denne lista må leverast inn til Arvid Nes.
  • Er det noken som sluttar eller nye som byrjar må trenar/lagleiar melda frå til Arvid Nes.

Registreringsskjema finn de her

Forsikring
  • Alle barn (0-12 år) som er medlem av ein fotballklubb tilsluttet NFF er forsikra gjennom felles barneidrettsforsikring i regi av Norges Idrettsforbund og Olympiske komite. 
  • Alle aktive frå og med det året dei fyller 13 år er forsikra gjennom lagsforsikring. Dei skal registrerast på internett for at forsikringa skal gjelda.
  • Alle som spelar på seniorlag er sjølve ansvarleg for å betala lisens. Denne inkluderer forsikring.
  • Ingen har lov til å spela serie kampar utan at lisensen er betalt.
  • Skjer det skade på trening/kamp skal det fyllast ut skademeldings skjema. Det er betre å fylla ut eit for mykje en eit for lite. Husk at det skal brukast leggskinn for at forsikringa skal dekkja fotskader.
  • Det er viktig at trenar/lagleiar melder frå om endringar til Elin Fausk slik at listene er oppdatert.

For meir informasjon, sjå HFK si heimeside.


Reising

Det er basert på at foreldre til aktive skal dela på kjøring til kampar. Det er eigenbetaling på reiser (Dersom ein reiser med ferje eller gjennom tunnell).

Alle lag må gå gjennom og dela ut transportplanen vår, slik at alle er kjente med RT retningslinjer. Lurt å gå gjennom dette på foreldre/spelarmøte.

Diverse reiseskjema finn de her

Resultat / terminlister

Terminliste som er i HFK si handbok er ikkje oppdaterte.
Bruk HFK si heimeside for å finne oppdatert lister og resultater.
www.fotball.no/hordaland  -kamper – kretsseriene.


Fair play

Husk fair play. Dette gjeld oppførsel på og utanfor banen. Husk DU representerer Rosendal Turnlag. Gå gjennom dette på foreldremøte.


Sportsplan

Dette er eit viktig dokument som alle MÅ gjera seg kjent med . Bør og gjennomgåast på foreldremøte.
Prøv å gjennomføra at alle tar ferdighetsmerke.

Sportsplan finn de her


GENERELT
  • Alle SKAL bruka leggskinn på trening og kamp.
  • Ta vare på utstyret. Få alle ballane med etter trening og kamp.
  • Det SKAL IKKJE nyttast laget sin sports tape som strømpe band.
  • Ikkje gjennomfør skudd trening mot elva
  • Respekter bruken av grasbanen. Husk at alle skal trø banen etter bruk.
  • Husk å sikra måla ved trening og kamp.
  • Flytt måla vekk og sikra dei etter bruk.

Vi takkar alle som stiller opp for fotballgruppa. Det er ein fantastisk innsats som vert lagt ned!