Sportsplan

Sportsplan for Rosendal Turnlag

Fotballgruppa

Formålet med ein sportsplan er at det skal veraeit retningsgjevande dokument for styre, trenarar, lagleiarar og spelarar. Planen er meint å vera dynamisk, og alltid open for justering. Vesentlege endringar sportsplanen skal godkjennast av styret.

Verdimål:
  • RT skal tilstreba eit tilbod til alle.
  • RT skal ha likeverdig satsing på dame og herre, breidde og topp.
  • RT skal gje eit skikkeleg/best mogeleg anleggstilbod til utøvarane. 
  • Foreldre bør ideelt sett ikkje bli brukt som trenar frå gut/jentetrinnet.
  • RT skal vera ein klubb der spelarar, trenarar og støtteapparat trivst. Alle involverte har ansvar for at trivselen er så god som mogeleg. 
  • RT skal etterstreva Fair Play, både på og utanfor banen.
Sportslege mål:
  • RT skal til ei kvar tid vera representert på krinslaga for jenter og gutar
  • RT ynskjer å utvikla spelarar i vår klubb til å bli ettertrakta for klubbar høgare i divisjonssytemet (skal gjera spelarane i klubben best mogeleg grunnlag til å ta steget oppover) og dersom spelarar ynskjer det skal ein ikkje leggja hinder i vegen for det.
  • Skal spela 11-arfotball frå småjente/-gut
  • Skal arrangera trenar/oppmannsmøte kvar vår- og haustsesong
  • Skal tilretteleggja for kursing av trenarar og leiarar
  • Skal tilby utdanning/kompetanseheving internt
  • Kvart lag skal ha minimum to trenarar og ein lagleiar
  • Keeperprosjektet er ein suksessfaktor for klubben, og skal vidareførast.
  • Klubben skal gjennomføra minst ei impulssamling i året.

Kvar høyrer spelarar heime:

Alle spelarar skal ha ei sportsleg og sosial forankring i eitt lag. Kva lag spelaren høyrer til skal avklarast i god tid før seriestart. Sportslege, sosiale og geografiske omsyn skal takast ved plassering av spelar. Ved usemje om kvar ein spelar høyrer heime (t.d. gut/smågut ) skal føresette høyrast før styre tar avgjersla om kvar den høyrer heime.

Lån av spelarar:

Dersom eit lag i serie eller cup ynskjer å nytta ein spelar frå eit anna RT-lag skal trenaren til spelaren alltid kontaktast først. Ein skal aldri gå rett på spelaren først. Svaret ein får skal aksepterast. Ved usemje om korleis spelaren skal disponerast, skal sportsleg ansvarleg/ungdomsleiar og styreleiar kontaktast. 

Hospitering:

Det er ynskeleg at spelarar får trena med lag over si aldersklasse, for kortare og lengre periodar. Hovudmålet med hospitering er at spelarane skal stimulerast til vidare utvikling, for så å koma tilbake til sitt eige lag for å heva nivået på sine medspelarar. Målet er at flest mogeleg skal få høve til å hospitera.
Styret skal godkjenna hospitering.

Dispensasjon på spelarar:

Dersom ein skal søkja om dispensasjon for å få nytta ein spelar som er for gamal for eit lag, så er det for at:

a) spelaren skal få eit reelt kamptilbod.
b) for å få nok spelarar til eit lag

Målet med å søkja om dispensasjon er ikkje å toppa eit lag.
Styret skal godkjenna dispensasjon.

Topping av lag:

Topping av lag skal ikkje førekoma på mini- og lillenivå. Frå smågut/-jente er spelarane i ei prestasjonsgruppe, med tabellar og krinssluttspel. Trenarane må likevel ta omsyn til den sosiale delen i spelargruppa, med tanke på deltakingsnivået til den enkelte spelar. Trenarane bør vera merksame på at kampar også er ein øvingsarena for spelarane.

Mini:
  • Ei trening + evt. kamp
  • Ball bør brukast i alle øvelsar
  • Allsidighet både i posisjonar på banen og i idrettar
  • Fotball er leik
  • Delta på cupar i Kvinnherad og/eller kringliggjande kommunar
  • Viktig at alle får så mykje speletid som råd er
  • Foreldreinvolvering. Ha som mål å involvera foreldre så mykje som mogeleg i treningssamanheng.

Lillegut/-jente:
  • To treningar/Ei trening + kamp
  • Ball bør brukast i alle øvelsar
  • Delta på cupar i Kvinnherad og/eller kringliggjande kommunar
  • Hovudfokus på teknisk trening, basisdugleikar som må beherskast for å utvikla betre teknikk seinare. Ideelt tid aldersmessig for innlæring av teknikk (mottak, pasningar, skot, fintar, føring, vending)
  • Viktig at alle får så mykje speletid som råd er 

Smågut/-jente:
  • Helst treningar + kamp
  • Ball bør brukast i alle øvelsar
  • Hovudfokus på teknisk trening, basisdugleikar som må beherskast for å utvikla betre teknikk seinare. Ideelt tid aldersmessig for innlæring av teknikk (mottak, pasningar, skot, fintar, føring, vending)
  • Spelarane er i ein alder der dei krev å læra noko nytt for å utvikla seg 
  • Serien er ein øvingsarena, der ein får repert det ein øver på. Spissing/topping bør sparast til turneringar og krinssluttspel.
  • Speletid viktigare enn resultat.
  • Byrja med innføring i taktiske omgrep (offside, grovskisse på formasjonar)
  • Trening av smidigheit, balanse og fart viktigare enn styrke og kondisjon
  • Bruk av sweeper lite utviklande for defensive og offensive kvalitetar
  • Ei spelargruppe må trivast med det den gjer for å ha framgang. Det sosiale aspektet i det ein driv med må ikkje undrevurderast, og signal om mistrivsel må takast på alvor
  • Alle spelarar bør oppmodast til å driva eigentrening utanom treningstida.

Jente:
  • To/tre treningar i veka + kamp i helgane.
  • Individuell tilbakemelding etter kamp. Ein kan ikkje forventa framgang av spelarar utan å fortelja kva ein gjer godt/kan forbetra.
  • Hovudfokus på teknisk trening (mottak, pasningar, skot, fintar, føring, vending)
  • Innføring i – og utføring av taktiske omgrep (soneforsvar, formasjonar, omgrep som overlapping, sideforskyving, press på ballførar, sikring bør på plass)
  • Innføring i enkle samhandlingsmønster (overlapp, vegg, oppspel-støtte-gjennombrot)
  • Forståing for at individuell dugleik handlar om samspelet mellom å gjera rette taktiske val, og ha teknikk til å utføra alternativet ein vel.
  • Skal spela soneforsvar
  • Innføring i – og utføring av taktiske omgrep (soneforsvar, formasjonar, omgrep som overlapping, sideforskyving, press på ballførar, sikring bør på plass
  • Fart viktigare enn kondisjon
  • Ressurstrening bør skje med ball. Veldig varierande kor langt spelargruppa har utvikla seg fysisk, noko som må takast omsyn til.
  • Krav til å melda frå når ein ikkje kjem på trening
  • Ei spelargruppe må trivast med det den gjer for å ha framgang. Det sosiale aspektet i det ein driv med må ikkje undrevurderast, og signal om mistrivsel må takast på alvor
  • Alle spelarar bør oppmodast til å driva eigentrening utanom treningstida. 

Gut:
  • To/tre treningar i veka + kamp i helgane
  • Individuell tilbakemelding etter kamp

  • Ei spelargruppe må trivast med det den gjer for å ha framgang. Det sosiale aspektet i det ein driv med må ikkje undervurderast, og signal om mistrivsel må takast på alvor
  • Alle spelarar bør oppmodast til å driva eigentrening utanom treningstida.

Junior dame:
  • To/tre treningar i veka + kamp i helgane
  • Individuell tilbakemelding etter kamp
  • Hovudfokus på teknisk trening (mottak, pasningar, skot, fintar, føring, vending)
  • Byrja å leggja meir vekt på defensive kvalitetar i ein-mot-ein situasjonar(Spel på liten bane med få spelarar 3–3, 4–4)
  • Vidareutvikling av taktisk dugleik
  • Skal vita dei grunnleggjande ulikskapane mellom 4-4-2 og 4-3-3
  • Vidareutvikla samhandlingsmønster. 
  • Tilvenning til roller i ulike system.
  • Involvera forsvarsspelarane i oppbygginga av det defensive spelet. Eit spelande lag krev eit pelande forsvar.
  • Skal spela soneforsvar
  • Ressurstrening bør framleis skje med ball.
  • Fart viktigare enn kondisjon
  • Krav til å melda frå når ein ikkje kjem på trening
  • Ei spelargruppe må trivast med det den gjer for å ha framgang. Det sosiale aspektet i det ein driv med må ikkje undrevurderast, og signal om mistrivsel må takast på alvor
  • Alle spelarar bør oppmodast til å driva eigentrening utanom treningstida.

Junior herre:
  • To/tre treningar i veka + kamp i helgane
  • Individuell tilbakemelding etter kamp
  • Hovudfokus på teknisk trening (mottak, pasningar, skot, fintar, føring, vending)
  • Byrja å leggja meir vekt på defensive kvalitetar i ein-mot-ein situasjonar (Spel på liten bane med få spelarar 3–3, 4–4)
  • Vidareutvikling av taktisk dugleik
  • Skal vita dei grunnleggjande ulikskapane mellom 4-4-2 og 4-3-3
  • Vidareutvikla samhandlingsmønster
  • Tilvenning til roller i ulike system.
  • Involvera forsvarsspelarane i oppbygginga av det defensive spelet. Eit spelande lag krev eit spelande forsvar.
  • Skal spela soneforsvar
  • Ressurstrening bør framleis skje med ball.
  • Fart viktigare enn kondisjon
  • Krav til å melda frå når ein ikkje kjem på trening
  • Ei spelargruppe må trivast med det den gjer for å ha framgang. Det sosiale aspektet i det ein riv med må ikkje undervurderast, og signal om mistrivsel må takast på alvor
  • Alle spelarar bør oppmodast til å driva eigentrening utanom treningstida.

Dame:
  • Tre treningar i veka + kamp i helgane
  • Individuell tilbakemelding etter kamp
  • Hospitering av avgrensa tal jr./jentespelarar for trena og/eller spela kamp.
  • Halda ved like det tekniske nivået. Heller bruka tid på å bli trygg på det ein kan, i staden for å trena inn ny teknikk (mottak, pasningar, skot, fintar, føring, vending)
  • Vekt på defensive kvalitetar i ein-mot-ein situasjonar (Spel på liten bane med få spelarar 3–3, 4–4)
  • Skal spela soneforsvar
  • Jobba med å få sideforskyving og sikring på plass i alle ledd på banen
  • Vidareutvikling av taktisk dugleik
  • Skal vita dei grunnleggjande ulikskapane mellom 4-4-2 og 4-3-3
  • Vidareutvikla og terpa samhandlingsmønster som ein skal sjå att i kamp
  • Tilvenning til roller i ulike system.
  • Involvera forsvarsspelarane i oppbygginga av det defensive spelet. Eit spelande lag krev eit spelande forsvar. 
  • Ressurstrening bør framleis skje med ball, men behovet for ekstra styrke- og kondisjonstrening må vurderast.
  • Ein kan ikkje trena kondisjon og fart i same øvelse, trenarar på dette nivået må ikkje falla for freistinga å tru at ein trener begge deler med 15–15
  • Krav til å melda frå når ein ikkje kjem på trening
  • Ei spelargruppe må trivast med det den gjer for å ha framgang. Det sosiale aspektet i det ein driv med må ikkje undervurderast, og signal om mistrivsel må takast på alvor
  • Alle spelarar bør oppmodast til å driva eigentrening utanom treningstida.

Herre:
  • Tre treningar i veka + kamp i helgane
  • Individuell tilbakemelding etter kamp. 
  • Hospitering av avgrensa tal jr. spelarar for trena og/eller spela kamp.
  • Halda ved like det tekniske nivået. Heller bruka tid på å bli trygg på det ein kan, i staden for å trena inn ny teknikk (mottak, pasningar, skot, fintar, føring, vending)
  • Vekt på defensive kvalitetar i ein-mot-ein situasjonar (Spel på liten bane med få spelarar 3–3, 4–4)
  • Skal spela soneforsvar
  • Jobba med å få sideforskyving og sikring på plass i alle ledd på banen
  • Vidareutvikling av taktisk dugleik
  • Skal vita dei grunnleggjande ulikskapane mellom 4-4-2 og 4-3-3
  • Vidareutvikla og terpa samhandlingsmønster som ein skal sjå att i kamp
  • Tilvenning til roller i ulike system.
  • Involvera forsvarsspelarane i oppbygginga av det defensive spelet. Eit spelande lag krev eit pelande forsvar. 
  • Ressurstrening bør framleis skje med ball, men behovet for ekstra styrke- og kondisjonstrening må vurderast.
  • Ein kan ikkje trena kondisjon og fart i same øvelse, trenarar på dette nivået må ikkje falla for freistinga å tru at ein trener begge deler med 15–15
  • Krav til å melda frå når ein ikkje kjem på trening
  • Ei spelargruppe må trivast med det den gjer for å ha framgang. Det sosiale aspektet i det ein driv med må ikkje undervurderast, og signal om mistrivsel må takast på alvor.
  • Alle spelarar bør oppmodast til å driva eigentrening utanom treningstida

Denne sportsplanen er laga i 2005 av:

Håvard Sætrevik
Kjetil Næs
Ivar B. Arnesen jr.
Kjell Ove Underhaug