Fotballar på sjøen….

Det hender at når vi er på trening på kunstgrast så er vi uheldige og skyt ein ball eller to på sjøen.


Når dette skjer må ein prøve å få tak i ballen att utan at du utsett deg eller andre for fare. Dersom ein ikkje får tak i ballen att, kan det vera greitt å gje melding til Arvid om at det er gått ballar på sjøen. Det er og ei oppfordring frå fotballgruppa at når ein ikkje nyttar heile banen så skal ein spela mot det målet som er bort mot ungdomsskulen. Dette vil hindra eindel ballar å gå i elva og sjøen. Dersom ein finn ballar langs strendene vil vi be om at desse vert levert inn til Kjetil på Expert Rosendal.