Fotballavslutning for aldersbestemt

Sundag var det duka for årets avslutningsfest for aldersbestemt fotball i Samfunnshuset. Som vanleg var salen smikkfull med spelarar, trenarar, lagleiarar og famile. Åresalet gjekk så det kosta etter, noko som er bra for økonomikassa til fotballgruppa.


Festen starta med pølse og brus til spelarane og kaffi og kaker til resten. Så vart det to omgongar med åresal med flotte premiar, før spelarane vart heidra med pokalar og medaljar. Folket koste seg og det vart som vanleg ei triveleg stund.

Her er bilete frå festen: