Fotballavslutning i fullsatt sal
Søndag var det duka for fest i Samfunnshuset. Fotballsesongen 2010 vart avslutta med premiedryss, kaker og kaffi. Rundt 300 var tilstades under festen, med andre ord var det ein fullstappa sal. Løv-Ham spelar Anders Næs og kjærasten Tina Algrøy, som spelar på Arna Bjørnar sitt toppserielag, stod for utdelinga av premiane.
Før utdelinga var det mat som stod på programmet. Her var det eit enormt utval av kaker, og det vart servert pølse og brus til borna. Dei som ikkje hadde fått i seg middag før festen kunne nok spara sundagsmiddagen til mandag for her gjekk ingen svoltne heimatt.
Etter maten var det klart for årasal, og som alltid ligg lappane laust i lommeboka på slike arrangement. To omgangar med årasal gjekk så det suste, og diverre vart det for få årar i år og. Her må det nok supplerast til neste år.
Så var det klart for utdeling av premiar. Alle fekk med seg ein flott «glaspokal» og nokre fekk medaljar for flest treningar. Jenter 14 fekk gullmedalje for å vinna si pulje, og gutalaget fekk bronse for sin tredjeplass. Dommarane fekk forgylt dommarfløyte, medan trenarar og lagleiarar fekk sine krus.
Det vart ein verdig avslutning på fotballsesongen 2010. Og fotballgruppa vil takke alle som deltok i sesongen og på avslutninga. Ikkje minst ein stor takk til sponsorane!
PS! Trekningslista for lotteriet kjem om litt.
Her er lagbilete av alle laga som deltok:
Jenter 2000/2001
Gutar 2000
Jenter 99
Gutar 99
Jenter 97/98
Gutar 97/98
Jenter 95/96
Gutar 96
Gutalag
Dommarar
Flest «Fredagstreningar»
Sponsorar